Masiv Bygg har overlevert nytt lokale til EVO treningssenter på Ålgård

EVO satsar på dei som vil trena, men som ikkje har sansen for gruppetimar.

Les hele artikkelen i Gjesdalbuen HER

Torsdag opna EVO på Ålgård dørene. Treningssenteret ligg i same bygg som Coop Extra. På opningsdagen viste ein rosa løpar vegen inn til treningsapparata.

– Me meiner det er ein kjøpesterk marknad her. Dessutan er folk interesserte i å halda seg i form, seier områdeleiar i EVO, Marte Dale.

EVO-kjeda har 33 treningssenter og til saman 30.000 medlemmar. Verksemda vart etablert i 2010.

– Her kan ein trena aleine, med ein ven, eller saman med ein personleg trenar, seier Dale.

I det grå, kvite og rosa lokalet er nokon allereie i gang med treninga. Rommet er fylt av treningsapparat og vekter. Det finst avlukke til å skifta klede i, men nokon resepsjon er ikkje å sjå.

– Resepsjonen vår er på internett. Der melder ein seg inn, og ein kan inngå avtale med personleg trenar. Medlemmane får ei brikke som dei låser seg inn med, så dei har fridom til å koma og gå som dei vil. Senteret er ubetjent, men det er ofte trenarar til stades.

Dale har mykje fint å seia om senteret ho er sjef for.

– Apparata er heilt nye. Dei er dei beste ein kan kjøpa for pengar. Fargane i lokalet er valde ut av ein interiørkonsulent. Musikken skal ikkje vera støyande. Han er berre i bakgrunnen, slik at folk utan problem kan høyra på eigen musikk og vera i si eiga treningsboble.

Dale trur senteret har kapasitet til kring 800 medlemmar. 300 er allereie melde inn.

– Me må sjå kapasiteten litt an. Senteret skal ikkje bli så fullt at ein opplever at det blir trongt.